Image Image Image Image Image
Scroll to Top

To Top

Velg en side:
More Info
Read More
Rasteplasser Hardangervidda Rasteplasser Hardangervidda Rasteplasser Hardangervidda Rasteplasser Hardangervidda Rasteplasser Hardangervidda Rasteplasser Hardangervidda

Rasteplasser Hardangervidda

La vere

VI ER KÅRA SOM VINNAR AV NASJONAL TURISTVEG SIN KONKURRANSE OM NYE RASTEPLASSAR PÅ HARDANGERVIDDA MED DESIGNKONSEPTET «LA VERE».

Konseptet handlar om å syne ei audmjuk haldning til naturen ved å ikkje gå utanfor det menneskeskapte fotavtrykket som allereie er der og tilføre så lite som mogleg.

Statens vegvesen har halde ei avgrensa plan- og designkonkurranse for tre rasteplassar langs Nasjonal turistveg Hardangervidda; Vardestopp, Ørteren/Veahovda og Våkavadet. Det er første gong Nasjonale turistvegar lyser ut ein plan- og designkonkurranse berre for landskapsarkitektar. I følgje juryen syner vinnarkonseptet «LA VERE» den rette forståinga av og respekten for det særeigne landskapet på Hardangervidda.

Hardangervidda er Noregs største nasjonalpark og det største samanhengande urørde naturområdet vi har att i landet. Urørd natur er under sterkt press og vi har ikkje meir villmark å miste; dette er bakgrunnen for konseptet «LA VERE».

Vi ønskjer å tilføre eit nytt nennsamt, poetisk og respektfullt lag som løftar fram det unike landskapet på Hardangervidda samstundes som det skaper eit nært og sterkt møte med naturen for kvart einskild menneske. Dei tre rasteplassane er utforma etter same mal og vil ligge som tre perler på ei lang snor.